Digitalarkivet
Dette er ein gamal versjon av Digitalarkivet. Denne nettsida vil vera tilgjengeleg fram til tilsvarande funksjonalitet er etablert på dei nye nettsidene til Digitalarkivet. Data i dette grensesnittet blir ikkje oppdatert, og nye data blir ikkje publiserte her. Gå til http://arkivverket.no/digitalarkivet for oppdaterte og nye data.

Databaseveljar | 1801 | 1865 | 1875 | 1900 | 1910 | Søk i alle basar | Skanna kyrkjebøker | Skanna skiftemateriale | Skanna pantebøker | Skanna tingbøker
Databaseveljaren
Vel database
Fylke
Kjeldekategori
Underkategori
Tidsperiode

Eller søk etter database
Søkeomgrep
Det er forskjell på store og små bokstavar.
"Aker" vil finna Aker, men ikkje Ullensaker, "aker" finn begge.

Det er funne 322 databasar.
Innskrenk utvalet eller trykk på knappen under.



Dokumentasjon
1801-teljinga er inntil vidare ikkje del av søk gjennom alle baser. Derimot kan du no søka i heile teljinga på same måten som du elles søkjer i einskilbaser. Digitalarkivet - Folketeljinga 1801

Folketeljinga 1801

Ved reskript av 28. november 1800 vart det utsendt kongeleg befaling om å halda folketeljing i Danmark, Noreg og på Island den 1. februar 1801. Resultatet vart den første nominative folketeljinga i Noreg, dvs. den første teljinga som inneheld namn og andre opplysningar for kvar einskild innbyggjar i landet.

1801-teljinga er lagt ut i ny utgåve pr. 15. januar 2009. Sjå dokumentasjon for kva som er gjort i den nye versjonen.

Heile teljinga ligg no som ein stor database og kan søkjast i på same vis som andre databasar. Landsomfattande søk for 1801-teljinga

Om du berre vil søkje i eit prestegjeld/ein kommune, kan du velgja fylke og kommune i menyane til venstre.

Folketeljinga for 1801 finst også i koda utgåve. For å sjå kodane, må ein klikka på Vis kodingsvariablane i knapperekka over databasen. Koda versjon er kanskje ikkje den første du bør ty til om du vil leita etter personar, men den er grei om du vil laga tabellar.

Det finst lakuner i teljinga. Originallistene til Holt og Dybvåg i Nedenes amt manglar og er sjølvsagt då heller ikkje med hos oss. Det same gjeld Maridalen i Aker prestegjeld i Akershus amt. Listene er borte og dei manglar då også hos oss.

Les meir:
Folketeljinga 1801

Framsida | English | Kontakt | Gammel debatt | Ny debatt | Ordlista | Nyttige lenker | Hjelp | Hjelp til nye sider